facebook-rund   twitter-rund   twitter-rund
16.11.2016 13:43

Forgylt sorg

Av Margunn Vikingstad
Forgylt sorg

Tilleggsinformasjon

Den som går kan ha eit like knust hjarte som den som vil bli. Dette er det styrande perspektivet i Silje Aanes Fagerlunds skjønnlitterære debut, romanen Eneste. Forteljaren Silje møter du, som er forfattar, 17 år eldre og bur i Bergen. Dei forelskar seg, blir kjærastar og er saman i fleire år. Dei bur saman, reiser saman, skriv etter kvart om ikkje saman, så i same hus. Og så tar kjærleiken slutt for Silje, og ho forlèt kjærasten.

På epsedalske stiar. Mens svenske kulturkjendisar går til krig mot kvarandre etter samlivsbrot – jamfør Ebba Witt-Brattström og Horace Engdahl som kranglar via bøker og i all offentlegheit – er tilhøva på mange, ja nesten alle måtar mindre og mildare her i landet. Fagerlund, eller berre Silje, opptrer i fleire bøker av Tomas Espedal, deriblant romanen Imot naturen (2011) og fotoboka Mitt privatliv (2014). Når ho no skriv sin versjon av kjærleikshistorie deira, er det lite hemnlyst å spore.

Tvert om er det mogleg å gjenkjenne ein espadalsk tone i Fagerlunds kjenslevare og sanselege prosa, særleg når ho skriv om einsemd, og det er òg som om ho har pådratt seg nokre av eks-kjærastens litterære veikskapar, for eksempel hangen til det litt pompøse i setningar som: «Med deg ble det åpnet et rom som inntil da bare hadde vært ensomhet».

Slik strekker romanen ut ei svært velvillig hand mot det livet og dei bøkene Silje har vore ein del av.

Duras-tone. Ein viktigare referanse for Eneste enn Espedal er nok den franske forfattaren Marguerite Duras, som Fagerlund sjølv har omsett. I utgivinga Å skrive (2014), der Fagerlund har skrive eit fint etterord, reflekterer Duras over den nødvendige einsemda til forfattaren, at det skrivne aldri kan bli til utan einsemda i sjølve skrivinga. På same tid blottlegg ho ein motvilje eller ulyst ved det å skrive: «Å skrive. /Jeg kan ikke./ Ingen kan./ Det må sies: man kan ikke.»

Duras måte å nærme seg einsemda på litterært går via huset ho sit og skriv i. Ved å skildre romma og sine eigne rørsler i huset, opnar ho opp ei dør til forfattarens einsame verd. Fagerlund tar eit liknande grep i nokre av romanens finaste parti: «Noen skjorter du hadde vasket og hengt til tørk. Du hadde hengt dem i døråpningen inn til badet, de hang der som tomme figurer i rommet, likevel nærværet av deg gjennom skjortene. Jeg var alene i huset, på vei ut av rommet mitt ned til første etasje, men måtte stoppe opp ved dem.»

Harmonibrot. På sitt mest interessante er romanen når den problematiserer aldersskilnaden mellom dei elskande. Ikkje som noko forbrytersk eller opprørsk, men korleis den etter kvart gir Silje ei sterk kjensle av at ho sjølv og kjærasten er avskore frå noko viktig: «Som om vi var begrenset til et her og nå, et her og nå og fortiden – det virket så uoverskuelig å skulle gripe an et her og nå med fremtiden.» Trass intimiteten dei har saman, ser Silje med lengt etter ein anna sort fellesskap som ho observerer hos jamnaldrande kjærastepar.

Det finst òg andre brot med romanens gjennomgåande milde og harmoniserande blikk. Som når eg-et skildrar korleis ho må brekke kjærasten ut av sine mønster, korleis han tviheld på sine vaner eller når ho opplever kjærasten som ei vegg, ein kropp som er eldre enn hennar og som berre vil ha henne og ha henne. Slik avdekker romanen ubehaget Silje føler ved å bli elska for høgt og for mykje og skuldkjensla når ein til slutt berre har lyst til å gå.

Tidvis god. Kjærleik vil seie å utsette seg sjølv for kva som helst. Det faktiske og litterært produktive utgangspunktet utnyttar Fagerlund berre delvis. For meir enn å grave i sterke kjensler og stor sorg, er det viljen til å harmonisere og forgylle den tapte kjærleiken som sigrar i romanen. Det fører til at den berre tidvis er interessant. 






Les flere kritikker:




© 2017 Alle rettigheter reservert Norsk Kritikerlag | Informasjonskapsler
Webdesign © 2017 Web Norge.