Anna + Knut = ?
Av Margunn VikingstadTilleggsinformasjon
I 1897 melder Knut Hamsun forfattaren Anna Munch til politiet og ber om å bli beskytta mot henne. Han hevdar at ho i over eit år har sendt anonyme brev til fleire kjenningar av han, særleg kvinner, og åtvara dei mot han som bedragar og forførar. Hamsun krev òg at Anna Munch skal bli undersøkt mentalt. Det er kjernen i det historiske materialet Selma Lønning Aaarø har gått inn i og brukt for å skrive sin versjon av livet til Anna Munch (1856-1932), romanen Hennes løgnaktige ytre.
Evige demonar. Hennes løgnaktige ytre demonsterer breidda i norsk samtidslitteratur og at verkelegheita set sine spor i skjønnlitteraturen på ulike måtar – ikkje berre som sjølvbiografiske forteljingar. I eit etterord skriv Aarø at planen i utgangspunktet var å skrive ein biografi om Anna Munch, men at spora etter henne er nokså få. Det vi veit, kjem stort sett frå brev ho skreiv til ulike kulturpersonlegheiter. For Aaarø peikte dermed romanen seg ut som ein meir eigna sjanger enn biografien.
Bildet som eksisterer av Anna Munch i dag er sterkt prega av Hamsun, og har blitt overtatt nokså ukritisk av biografane hans. I Øystein Rottems Knut Hamsun. Guddommelig galskap (1998) blir ho mellom anna ut frå Hamsuns brev skildra slik: «Hun er sinnsyk, besatt av tvangstanker, hun elsker ham, påstår hun og hun er overbevist om at han er like besatt av henne som hun av ham. Hun vet det. For henne er det sant, men en verre løgn kan ikke tenkes, ikke engang oppdiktes i en bok.» Ein annan Hamsun-biograf, Robert Ferguson, omtalar Anna Munch berre som «[e]n stakkarslig kvinne som var erotisk besatt av Hamsun».
Historisk medvit. Ein av Aarøs ambisjoner er å utfordre det etablerte bildet av den stakkarslege Anna Much. Det lykkast ho til ei viss grad med, mellom anna ved å vektlegge Anna Munchs refleksjonar over det livet ho etter kvart forlèt for å følgje etter mannen som nærast innførte det ubevisste sjelelivet i moderne litteratur.
Romanens forteljar er dottera Signe som i frigjeringsåret 1945 har sloppe ut frå Grini og sit i eit hytte på Tanum, les gjennom bøker, mellom anna nøkkelromanen To mennesker (1897) og brev av mora for å plassere og forstå sitt eige liv. Vi får høyre om Annas barndom som ei av tolv søsken, korleis ho veks opp på ulike mentalsjukehus der faren jobbar som lege, at Anna er skuleflink og får ta eksamen ved Nissens pikeskole for så å møte Ragnvald Munch (fetter av Edvard Munch) på Høstutstillingen i 1883, mannen ho giftar seg med og får Signe saman med.
Gjennom Signe, som sjølv er kunstnar, speglar romanen Annas draum om å bli forfattar. Møtet med Hamsun blir slik meir enn berre ein erotisk mani i Aarøs versjon, det føyer seg òg inn i ei større historie om kvinnefrigjeringa som det likestilte norske samfunnet av i dag er tufta på. I god Camilla Collett-ånd skildrar romanen ei kvinne som prøvde å finne sin plass, som forfattar, som intellektuell og etter kvart òg som fråskilt kvinne.
Det perspektivet er langt meir interessant enn det som likevel er romanens kjerne og Aaarøs viktigaste motivasjon: å skildre ein relasjon som er meir samansett enn det Hamsun hevdar, som er meir kjærleg og intellektuelt stimulerande òg for Hamsuns del.
Ufri prosa. I mine auge fell romanen i si dydige tilnærming til Anna Munchs liv og rykte – noko tittelen kanskje ufrivillig indikerer ved å referere til ei fråsegn frå Anna Munchs ektemann nummer to, Sigurd Mathiesen, som hevda at ho hadde eit løgnaktig ytre, at ho uttrykte eit erotisk temperament som ikkje fanst.
Den tematiske dydigheita kjem til uttrykk i at ein replikk frå Anna – «Jeg lukket min dør for ham!» – går som eit mantra gjennom Aarøs skildring av forholdet mellom dei to forfattarane. Å nyansere bildet av Anna Munch handlar forbausande mykje om å sannsynleggjere at ho ikke hadde seg med Hamsun. Dermed kan det sjå ut som om det ikkje berre er Hamsun-biografar, men òg Aaarø sjølv som heng fast i visse forelda kjønnsmønster.
Språkleg opplevest romanen òg som dydig. Aarø har valt å skrive i eit konservativt riksmål anno 1890, truleg for å gi forteljinga og universet ein autentisk aura, men dette språket slepper meg berre i liten grad inn i Anna Munchs tankar og kjensler. Riksmålet fungerer heller som avstandsskapande anakronisme.
Framleis fanga. Lest opp mot andre norske romaner som har portrettert historiske personar i meir frigjerande, opprørsk og samtidig prosa – for eksempel Jos Fosses Melancholia (1995), om kunstnaren Lars Hertevig, eller Lars Aamund Vaages Den framande byen (2009), om psykoanalytikeren Wilhelm Reich – framstår Hennes løgnaktige ytre som ein litt stiv og ufri roman der hovudpersonen aldri blir skikkeleg levande som menneske. Ho blir verande ei kvinne fanga i si tid og av sine menn, og det er vanskeleg å la seg overbevise om at relasjonen mellom Anna Munch og Knut Hamsun faktisk var så veldig mykje meir enn den versjonen som har festa seg i ettertida.