facebook-rund   twitter-rund   twitter-rund
torsdag, 14 desember 2017 23:00

Amund Grimstad

Av 

I Kritikkportalens intervjuserie lar vi norske kritikere presentere seg selv ved å svare på noen standardiserte spørsmål.

 

Alder: 
Eg er 65 år.

Fødestad og bustad: 
Eg kom til verda i Oslo i 1952 og budde der til 1964 då familien flytta til Folldal. Frå studiestart i 1973 og til i dag har eg budd i Trondheim

Annan viktig informasjon om deg:
Det er sikkert mye annan informasjon om meg, men som personen sjølv, er informasjonen neppe særleg viktig. 

Kor skriv du kritikk, og om kva? 
Eg skriv hovudsakleg i Klassekampen, men også på bloggen min og av og til i Shakespearetidsskriftet. Eg har også meld teater for Dag og Tid i fire år. Eg skriv om scenekunst, først og fremst om teater, men av og til også om dans.

Når og korleis starta du som kritikar? 
Eg var tilsett som Klassekampens lokaljournalist i Trondheim i 1978, og med kontor rett over gata for Trøndelag Teater fann eg det rett å skrive litt om det som blei framført der. I starten var det vel nærast forbrukarrettleiing og ganske forsiktige meldingar, men med åra blei eg tryggare på kva eg meinte. Omfanget auka på etter kvart, og særleg då Teaterhuset Avant Garden blei starta i 1984. Marit Moum Aune, som var første teatersjefen på Avant Garden fekk meg til også å skrive om det frie feltet. Og resten er historie, som det heiter. Etter at eg sat tre år i Heddajuryen og fekk høve til å sjå teater over heile landet, har eg halde fram med det, og eg melder nå frå dei fleste institusjonsteatera i Norge med unnatak av Oslo og Bergen.

Er det emne eller kunstfelt du er spesielt opptatt av?
Scenekunsten er så mangefasettert at det skjer nye og ulike ting heile tida, og for meg er dét langt meir spennande enn eventuelt å fordjupe meg i spesielle nisjar. Eg har ingen sjangrar som eg likar eller mislikar meir enn andre, men eg er kanskje spesielt opptatt av teater for barn og unge, eit felt som har vore ganske stemoderleg behandla i mange år, men som nå opplever ei enorm nivåheving, leia av Barne- og ungdomsteateret ved Rogaland Teater, Brageteatret, Lille HT, Unge dramatikere på Trøndelag Teater, men først og fremst av Barneteatret Vårt i Ålesund som er i ferd med å revolusjonere heile sjangeren.

Kva er viktigast akkurat nå?
Å konsolidere kritikken og kritikarens rolle i ei tid der media kuttar drastisk både i kvalitetsjournalistikken og kulturkritikken. Teater, konsert og dans er spesielt sårbare område fordi kritikaren her må reise for å sjå og oppleve. Dét kostar sjølvsagt meir enn å lese ei bok, høyre ei plate eller sjå ein film. Når Aftenpostens kulturredaktør skryt av at avisa hennar har meir kritikk enn før, er det provinsielt sjølvskryt. Aftenposten meldar berre heilt unntaksvis teater frå scener utanfor Oslo. Slik var det ikkje for berre nokre få år sia. Og NRK, som trass i at dei har eit riksdekkjande nett av tilsette, er endå meir provinsielle. På Marienlyst trur dei openbert at det ikkje blir laga teater utanfor Oslo. For meg, som er ein kritikar busett i Trondheim, ser eg det som eit spesielt ansvar å syne at det meste av scenekunsten, og rett som det er også det mest interessante av han, skjer andre stader enn i Oslo. Den opplyste ålmenta fortener å få vite det, og når dei store mediehusa i hovudstaden ikkje kjenner samfunnsansvaret sitt, får andre freiste å aksle det.

Kva er din faglege bakgrunn? 
Eg er utdanna arkitekt frå NTH, og det er også det daglege yrket mitt, medan teaterkritikken er ein stadig meir omfattande hobby. Eg plar kokettere med at det einaste eg har fagleg bakgrunn for å uttale meg om, er scenografien. Men gjennom førti år som teatermeldar har eg sett over tusen framsyningar og meld rundt sju til åttehundre av dei, så om ikkje anna, er eg vel ein meir enn gjennomsnittleg røynd publikummar.

Har du anna arbeid i tillegg til virket ditt som kritikar? 
Ja, eg arbeider full tid som arkitekt. Og eg er særs privilegert som får lov å ha to så ulike, men likevel interessante bein å stå på.

Kvifor er du kritikar?
Eg er, og har alltid vore, glad i teater, og eg er opptatt av ein opplyst og omfattande offentleg samtale som eg gjerne vil ta del i og påverke om eg kan. Når eg er så heldig å ha ein arena både i avis og på blogg for å nå ålmenta med synspunkta mine, er det eit privilegium.

Kva er den største utfordringa med å vere kritikar? 
Å prioritere og å rekkje over så mye som mogeleg. Vi er alt for få, og færre blir det diverre. Sjølv er eg privilegert som har ein godt betalt jobb å falle attende på, medan eg føler med kollegaene som lever av kritikken og som har ein høgst utrygg økonomisk situasjon i dag.

Er kritikken i krise, og kva kan vi i så fall gjere med det? 
Når det gjeld kvalitet, er ikkje kritikken i krise, til det trur eg at feltet i dag har meir kompetente folk enn nokon sinne. Problemet er at dei ikkje slepp til. I dag er det berre Dagbladet og Klassekampen av dei riksdekkjande dagsavisene som freistar å dekkje heile landet. Det er tragisk for det opplyste og interesserte teaterpublikummet som i langt mindre grad enn før får høve til å følgje med, og det er minst like trist for scenekunsten og alle dei dyktige aktørane som ikkje lenger blir sett og vurdert som dei fortener. Fritt Ord, og indirekte også Norsk Teater- og Orkesterforening (gjennom Heddajuryen) bøter litt på dette ved å dele ut stipend eller delfinansiere teaterkritikarar, men dette blir berre flekkvis klatting som stundom også gir einskilde media konkurransefortrinn, samstundes som det er ein alt for behageleg sovepute for alle dei mediebedriftene som berre er opptatt av klikk, og som ikkje tar samfunnsansvaret sitt alvorleg.

Eg er bekymra på kritikkens og ikkje minst lesaranes vegner. Men det er eit ljospunkt at dei tre avisene som verkeleg satsar på kvalitetsjournalistikk og mye kritikk (Klassekampen, Dag og Tid og Morgenbladet), også er av dei få som veks i opplag. Det kan tyde på at det framleis er nokon der ute som ønsker anna enn kjendiseri, sport og tanketom underhaldning.

Logg inn for å kommentere

© 2017 Alle rettigheter reservert Norsk Kritikerlag | Informasjonskapsler
Webdesign © 2017 Web Norge.