facebook-rund   twitter-rund   twitter-rund
30.11.2015 15:35

Uferdig øymysterium

Av Merete Røsvik Granlund
Uferdig øymysterium

Tilleggsinformasjon

Ida Hegazi Høyer vart i vår upeikt som ein av dei ti beste forfattarane under 35 år i Morgenbladets kåring. Eg har med åra blitt stadig meir i tvil om slike rangeringar eigentleg tilfører samtalen om litteratur noko viktig, og ei kåring som tar med éin barnebokforfattar, men overser Maria Parr, har uansett langt på veg diskvalifisert seg sjølv. Men når merksemd først skal fordelast, er Hegazi Høyer ein av dei nye forfattarane eg har stor tru på.

Sidan debuten i 2012 har ho utgjeve éi bok i året, og har både eit språk og ein sans for dramatiske verkemiddel som skiljer seg ut. Fortellingen om øde viser berre delvis desse eigenskapane. Trass mange gode element, er det liksom noko som manglar.

Eit verkeleg mysterium
Ida Hegazi Høyer har tatt utgangspunkt i verkelege hendingar som tidlegare er skildra både i bøker og dokumentarfilmen The Galapagos Affair: Satan came to Eden (2013). Nokre få menneske utvandra på 30-talet til ei av dei vulkanske Galápagos-øyene, Floreana. Så tok folkt til å forsvinne, og det vart aldri klart kva som hadde hendt. Fortellingen om øde er likevel langt frå ein dokumentarroman, noko forfattaren signaliserer ved at ho har endra på namn og fakta. Til dømes var det ikkje ein einsleg mann som kom først av desse busettarane, slik ho skriv, men eit ektepar.

Hegazi Høyers versjon gir imidlertid høve til å utforske ambivalente kjensler knytt til det sosiale livet: Sjølv om ein kan lengte etter å vere fri frå andres blikk, er det først når ein har erfart å vere heilt aleine at ein innser kor viktig sosial kontakt er. Likevel skal det ikkje meir enn ein to-tre personar til før problema oppstår: Kven bestemmer, og korleis løyser ein konflikter?

Spørsmålet om kva som skjer med moral og sivilisasjon når ei lita gruppe menneske skal overleve på ei aude øy, gir stort potensiale til å kombinere eksistensielle problemstillingar med element av både spenning, skrekk og romanse. Av alle fiksjonar som utforskar dette er kanskje William Goldings klassikar Fluenes Herre (1954) mest kjend. Eit nyare døme er TV-serien Lostsom tidleg på 2000-talet fengsla mange med historia om overlevande frå eit flykrasj på ei øy som viser seg å skjule ei rad mysterier.

Hegazi Høyers versjon over temaet minner på eit vis om sistnemnde, mellom anna fordi øya sjølv blir framstilt som eit medvit som observerer og vurderer menneska, og som leikar med dei når ho lar ein passasje gjennom klippene av og til vere open og av og til lukka. Handlinga tematiserer også skiljet mellom dyr og menneske, spesielt når ei øgle blir emosjonelt viktig for ein einsam mann og eit nyfødt barn ser ut til å likne meir på øgla enn foreldra.

Det mest interessante i boka er kontrasten mellom den kjenslevare, triste Marie og frodige, maktglade baronesse Bertha som troppar opp på øya med eit harem av elskarar. Begge er sterke, men med motsett forteikn; Marie fordi ho har nok med sitt indre liv, baronessa i kraft av sin leikande seksualitet. I ei nydeleg scene blir Marie redda av baronessa etter å ha lagt på svøm i lyset av eit vulkanutbrot, og dei får selskap av all slags havvesen som rømmer i flokk både under og over havflata. Det er Hegazi Høyers store styrke at ho kan kunsten å fortelje gjennom slike visuelt sterke bilete utan å overforklare eller prøve å presse ein narrativ logikk inn i alt.

Uerbødig språkbruk
Også i språket tøyer Hegazi Høyer grensene for det vanlege og forståelege, og det er ikkje alltid vellukka. Merkelege setningar som denne verkar berre slurvete: «Hvor mye eller lite et brev kunne inneholde, og enda så umulig å endre bakken under den lesende.» Men eg likar samtidig det uerbødige i at ho tillett seg å sameine det humoristiske og det høgstemde, og i den sterke viljen til å finne eit individuelt uttrykk. Språket har også ein musikalitet som viser seg i ulike former for rim og lange, rytmiske setningar.

Fortellingen om øde er i sum ei tidvis frisk og fin blanding av poetisk mystikk og usentimental psykologiske utforsking, men Hegazi Høyer får uventa lite ut av det dramatiske potensialet i dei historiske hendingane. Fiksjonen blir ikkje fullstendig og truverdig nok til at lesaren kan fortape seg i verda mellom permane. Og i mangel på tilgjengelege aude øyer er det jo gjerne det vi vil.

Ein litt kortare versjon av teksten er publisert i Dag og Tid.









© 2017 Alle rettigheter reservert Norsk Kritikerlag | Informasjonskapsler
Webdesign © 2017 Web Norge.